Toppen av ei nedblåst «meisebolle» freista både svarttrasta og kjøttmeisa, som like godt inngjekk eit samarbeid om å halda matfatet nokolunde snøfritt. På skift var dei nedi det kvite, trakka snø og prøvde nebba til seg nokre frosne frø. Iherdig innsats måtte til skulle det bli kvelds etter at sterkt snøfall stengde andre naturlege serveringsstader.
Så huga påfyll til fuglebrettet.