Bussen på Huglo er oppsett med korrespondanse med ferja som går frå Nordhuglo 09.10 til Jektavik. Ønskjer ein etter tilkomst å køyra kollektivt med buss til Leirvik, har ein to val: Venta på bussen i Jektavik, eller ta turen tur/retur Honadnes og stiga inn på bussen frå Tysnes og Våge som har gjennomgåande rute til Leirvik og køyrer frå jektavik 09.55.
Skyss bad tidlegare i vinter om innspel til ruteendringar, og har fått opprop frå mellom andre Huglo Bygdalag. Det vert der bede om bussavgang frå Jektavik 09.30, når ferja legg til kai.
– Bussruta vil vera svært lagleg for reisande som skal ærend til Leirvik (går korresponderande retur frå Kaiterminalen 11.45) – samt for skuleborn som i nokre tilfelle startar seinare på dag enn vanleg. Bussruta vil også gagna dei som bur sør av Jektavik, skriv bygdalaget.