Til komande møte i Utval for plan og utvikling (PUT) i Stord, har representanten Magne Bjelland (H) meldt spørsmål om redusert årsinntekt for hamnestellet når del av Skotabergkaien er blitt landbase for seiforeningen sin nye flytekai. Bjelland skriv:
– I avtalen gjort mellom Stord kommune og Stord seilforening, er det kunngjort månadleg leigepris pålydande kr. 6.700 (årleg 80.400,-) Erfaringstal oppgitt frå Stord Hamnestell med omsyn til inntekter frå Skotabergkaien er estimert til pluss/minus 200.000 kroner per år. Det gjev ein differanse på pluss/minus 120.000 kroner per år.
Bjelland ønskjer svar på::
- Har Stord Hamnestell utarbeidd/etablert alternativ inntektskjelde for å kompensera for inntektstapet?
- Ber om vurdering av om marknadsprisen som er kunngjort er å rekna som korrekt.