I serien gløymte og mista vottar, stoppar stordront.no denne gong ved ein liten trestubbe nokre hundre meter frå gapahuken i Stuvikjo. Frå stubben lyste eit vottapar i lyseblått. Sidan dei låg så fint saman, er det grunn til å tru at noko har funne paret langs turvegen og lagt dei fint frå seg i vona om at eigaren skal finna dei att.