Stor aktivitet i Knivklubben

Siste kurskveld etter at diplomer for fullført kurs er utdelt. Fra venstre sitter Inger Alice Lothe, Sveinung Kolskår, Wilfred Sætre, Geir Hauan, Kjell Kolskår og Nils Olav Hystad. (Foto: Birk.)

Dei fleste i styret tok attval då Stord Knivklubb nyleg gjennomførte årsmøtet. Svein A. Birkeland held fram som leiar, med Arne Haugland som skrivar, Bjørn Helle som materialforvaltar og Finn Størkson som kasserar.

Det var godt frammøte, slik det også har vore på klubbkveldane gjennom vinteren. Ikkje minst etter to svært vellukka kurs i «gamalt handverk», som det stod i søknaden til Sparebank1 stiftinga i Kvinnherad. Her blei klubben tildelt heile 50.000,- kroner.

Andre kurset er nett avslutta, med fem deltakarar – som alle har vist godt handalag og alt fått laga seg fleire knivar.

– Dette lovar bra for klubben si framtid. Men så har jo kurslærarane Wilfred Sætre og Nils Olav Hystad, kunnskap innen faget av ypperste klasse, seier klubbleiar Birkeland i ein kommentar.

Stord Knivklubb er 35 år dette året, og i høve jubileet er det laga eigen pin som blei delt ut til medlemene på årsmøtet.