– Me må så djupt for å få godt nok fall i dei nye røyrane som skal leggjast i Holevegen, seier Arnstein Hetlesæter til stordront.no.
Han er fagansvarleg for vatn- og avløp i kommunale tekniske tenester.
Hetlesæter forklarar vidare at arbeidet som er i gang har til føremål å få orden på kloakk, overvatn og samstundes fornya vasstilførsla i området.
– Røyrane som ligg i vegtraseen er gamle og gjer ikkje lenger jobben etter regelverket. Overvatn og kloakk renn inn i dei same røyrane. Dermed blir det kapasitetsproblem når avløpet samlast i reinestasjonen. I grøfta oppover Holevegen skal det koma separate røyrgater.
På kommunen sine nettsider blir det kunngjort at det i samband med dette anleggsarbeidet framover mot jul blir «piggestøy» i samband med fjellfjerning i røyrtraseen.