I arbeidet med fortauet frå Færøysund og sørover mot Skotet, har anleggmaskinar flytta verksemda si over på «innsida» av Europavegen.
– Er det slik då, mon tru, at ein er starta på utviding mot Engevik?
– Nei det er nok ikkje det, opplyser Vegvesenet sin byggjeleiar for prosjektet, Knut Stian Rimmereid til stordront.no.
– Det var trong for meir stein til fortauet og me fann det praktisk å henta massar ved å sprenga for utvida og modernisert busstopp for Engevik vest, som det heiter i rutekartet.