91 årige Fredrik Fladmark var eldstemann på «Aktiv til 100-turen» til gapahuken i Stuvikjo torsdag føremiddag. Dette var siste fellestrakket på denne sida av nyårsskiftet og turlaget baud på graut med alt som høyrer til av «pynt» oppå velkokte risgryn. Pluss bålkaffi og nybakt bolle med gult namme-nam-fyll i midten.
55 fekk servering og ein god drøs på denne turen, der det sosiale er vel så viktig som trimmen. Stemningen ved borda var då også triveleg i rimeleg ok haustver.
Grovsumering frå turlagsleiar Gerda Øen endar på godt 2000 godt vaksne, på spørsmålet om kor mange som har vore med på «Aktiv til 100» i kommunen vår i år. Då inkludert dei som går frå Møllebruo til Stuvikjo annan kvar torsdag, dei som motsett annan kvar torsdag går frå Skjephaugsvatnet til friluftsambassaden i Skjephaugen og dei som annan kvar måndag går frå Vaskeriplanet til gapahuken ved Hustrudalsvatnet .
Torsdag komande er det juleavslutting med graut i Skjephaugen, blir det opplyst.