Torsdag var det opplæring i demensvenleg samfunn for butikkleiarane på Amfi Stord . Om lag 25 leiarar møtte til 1 times opplæring, skriv Stord kommune på sine heimesider. Saka kan du lesa i sin heilskap under:
Kurshaldarar Torill Kaldefoss, leiar i Stord/Fitjar demensforening, og demensrådgjevar i Stord kommune Randi Huglen informerte om at det er over 100 000 som har demens i Noreg. Dei fleste som har demens bur heime, og dei kan trenge litt hjelp frå omgjevnaden for å klara seg i dagleglivet.
For å nå ut med bodskapen held me kurs om kommunikasjon og forståing kring personar med demens. Målet med kurset er å opplysa og visa korleis personar med demens kan bli møtt med openheit, respekt og forståing, men også korleis ein kan legge til rette, slik at personar med demens kan få vere aktive, meistre, og ta vare på det gode livet sitt så lenge som mogleg.
Kurset tok for seg korleis tilsette kan gje service til personar med demens på best mogleg måte. I tillegg er det viktig med god bruk av universell utforming, som å halda orden, god skilting, gode kontrastar, godt lys m.m.
Tips for god kommunikasjon
- Ver bevisst på måten du snakkar
- Bruk korte setningar
- Tydelig, konkret språk
- Spør om ein ting om gongen, og vent på svar
- Sørg for gjensidig kontakt
- Ver positiv og respektfull
- Kroppsspråk verkar langt betre enn ord; eit smil og augekontakt er viktig
- Ver ei støtte. Oversjå feil, ver raus og velvillig innstilt i kommunikasjonen. Prøv å forstå det som er meint, ikkje berre det som er sagt
- Leit etter meininga i orda. Tolk ansiktsuttrykk, gester og handlingar for å forstå kva den andre ønskjer å fortelja
– Me fekk gode tilbakemeldingar om dette var nyttig og at dei lærte mykje om korleis dei kan takla ulike situasjonar som betaling, korleis stilla spørsmål, gje oppmerksomhet m.m., sa e-Helse konsulent Hilde Susann Hystad Aadland.
Butikkleiarane skal læra opp sine tilsette og vil få klistremerke til å henge i butikken sin når det er gjort.
Stord Taxi hadde kurs 8. februar. Ca. 20 sjåførar fekk same opplæring. Det var første opplæring og Amfi var andre. Det blir gitt tilbod til andre butikkar og bedrifter i kommunen.
Anvarleg for kursa er leiar i Stord/Fitjar demensforening Torill kaldefoss, demensrådgjevar i Stord kommune Randi Huglen, og e-Helse konsulent Hilde Susann H. Aadland frå Stord kommune.