Tilbakeblikk 16/02/23: Etter den storstila moderniseringa av Uføretunnelen er det kome både bommar, og kamera på høge master, eit stykke frå både søre og nordre tunnelopning. Ein kan få mistanke om at det er lagt opp til fartsmåling av bilar som køyrer gjennom?
– Nei, på ingen måte, stadfestar Ronny Våga i Statens Vegvesen. Han har vore byggleiar for oppgradering av tunnelen, eit arbeid som byrja i fjor sommar og som nærmar seg avslutting. Arbeidet har stort sett gått føre seg nattestid medan trafikken har vore leia utanom på «gamlevegen».
Våga opplyser at dei to kamera som er monterte er retta inn mot bommane som skal stengja tunnelen dersom noko utanom det normale skulle skje. I arbeidet som er gjort, til ein samla kostand på 26 millionar kroner, har tunnelen fått betre lyssetting, samanhengande rømingslys, bomanlegg med kameraovervaking, nytt styringssystem og oljeutskiljar for å unngå miljøutslepp.
PS: Når ein køyrer i tunnellandet Noreg kan det vera greitt å ha i minne at der det blir gjort snittmåling av fart blir dette varsla med særskilt skilting.