Eit uttrykk av gamalt opphav stakk seg fram i skolten på ein biltur over Fjellgardane i sipveret fredag. – No er jorda vass-sjuk, det trengst ikkje ein dråpe meir nedbør, sa ein gjerne når innmarka hadde fått så mykje væte at det viste seg på overflata i form av nye innsjøar.
– Ein haust det regna kolossalt i vekevis, ryktast det frå Fitjar at dei der ville be trålarar frå Austevoll svinga innom åkrane og vera med i potetopptaket. Alt sto onde i vatn.