Stordront.no har som mål og motto å dekkja dei ultralokale nyhende, små og litt større. I den samanheng er det berre rett og rimeleg at det blir omtalt, at kaiområdet i byen vår har fått ein praktisk nyinstallasjon på plass. Ved Bytunet står no eit splitter nytt stort askebeger, slik at det ikkje skal vera tvil om kvar sneipen skal puttast etter røykepausen. Jo, takk – da kjeme seg stadig på Vikjo.