Erle på fire år var med farfar på teater i Stord Kulturhuset sist helg. Der såg ho 27 born og ungdomar frå Stord Teaterlag framføra det spennande stykket «Robin Hood og villungane i kongens skog». Erle, som dei mange andre unge på tilskuarplass, følgde forestillinga med innleving og hadde konklusjonen klar etter takkeklappsalver ved teppefall.
– Farfar, dette var så kjekt at neste gong må mamma får vera med å sjå på.
Og akkurat det har mamma og pappa og unge og litt eldre som har lyst på ei hyggjestund i teatersalen, høve til laurdag og søndag komande. Dette blir siste høva til å møta Robin Hood og villungane denne våren.