
Tysdag 29. april klokka 11.00 kjem professor, pianist og overlege Geir Olve Skeie til Senioruniversitetet I Bømlo Kulturhus med forelesinga «Musikk – medisin for hjernen?»
Skeie er overlege ved Nevrologisk avdeling på Haukeland Universitets-sjukehus og professor ved Griegakademiet der han og er utdanna pianist.
Han har i fleire år forska på forholdet mellom musikk og hjernen. I forelesinga vil han snakka om korleis musikk vert «skapt i hjernen», og korleis det å driva med musikk kan endra hjernen. Han vil og komma med eksempel på korleis musikk kan brukast i behandling av nevrologiske lidingar som Parkinsons sjukdom, hjerneslag og hjerneskadar.
Sidan Skeie er ein habil pianist, vil han også nytta flygelet som eit innslag i forelesinga.
Velkommen til Bømlo kulturhus på tysdag til denne forteljinga om kva som skjer i hjernen vår når me lyttar til musikk.
Helsing
Styret