Kanskje rekordår?

Tuva var full av blømande blåbær 23. april 2025.

VG baud på eit smaksfreistande oppslag tidlegare i veka, kor det vart slått fast tidlegrekord for norske jordbær. Dei første, dyrka under tak, var alt haust og sendt på marknaden – og dei såg skikkeleg smakfulle ut.  Produsenten melde at varmen no i slutten av april hadde sette mogningsprosessen godt i gang. I den lei kan det vera spennande å sjekka blåbærlyngen i ein skog nær deg. Det gjorde Stordront.no onsdag og fann blåbærblom i mengder på tuva. 

Så spørs det om det blir morningsrekord for dei blå også. I fjor plukka kunne dei første blåbæra plukkast lokalt 20. juni.