Mi sorg er lys – ei kjærleikshistorie!

Onsdag 23.april får vi fint besøk i Stord kyrkje: Geir Gundersen, kjend for mange som andaktshaldar i NRK Radio og tidlegare generalsekretær i Blå Kors, kjem for å halde føredraget «Mi sorg er lys». Gundersen gav hausten -24 ut ei bok med same tittelen. I denne boka skriv han «medan han sørger» om tapet av kona Liv, og om korleis han lever i og med sorga, samstundes som han er takknemleg for alt det gode dei fekk saman: «Heilt knust og djupt lukkeleg» skriv han vart og varmt om allmenne erfaringar av tap, sorg, håp og den store gleda.

Det er gratis inngang, med høve til å gi kollekt.

Denne kvelden er vel verdt å få med seg! Etter samlinga vert det enkel kyrkjekaffi.

Opne lenka under og du får eit lite glimt frå kvifor Geir Gundersen skreiv boka:
https://www.facebook.com/geir.gundersen1/videos/503001775678950

Vel møtt!