
Oftare og oftare skjer det at den eine ventefila merka Nordhuglo på Jektavik ferjekai blir fullsett, og bilar på veg til austre bydel i Stord, må «låna» plass i ventefil nr. 5 merka Hodnanes. På årsmøtet i bygdelaget nyleg var «problemet» til drøfting, som ei av ein del andre saker som kan gjera det lettare å vera pendlar med heimeadresse Huglo.
Rette instansar, som i dette høvet er Skyss eller vegvesenet, har fått oppmoding om skifta skiltet over fil fem – frå Hodnanes til Nordhuglo. Det burde vera lett å få til – og då vil huglareisande sleppa kjensla av å gjera noko gale når dei venteparkerer for ferjeturen – der det er naturleg.