
Denne flotte buketten kusymrer, omkransa av frisk mose, har tatt på seg oppgåva å helsa fykande passasjerar hjartans velkomne til Herlege Stordøy.
Det er lite truleg at nokon har instruert kusymrene til å stå tett og vera saman om helsingsjobben, men det er såpass positivt at Stordront takkar for velgjort – på vegner av fleire.
Buketten står i ei skrånings tett ved krysset der flyplassvegen munnar ut i Fv 545 i Dyvik. Berre meter frå vegen og særs godt synlege for dei som kjem køyrande frå landingsstripa i Sørstokken.