Mykje vilt og for mange kråker

Kråke (Foto: Akbar Nemati on Unsplash)

Det er aktivitet i naturen på så mange område, også lokalt, går det fram av protokollen etter møtet i  Fitjar viltnemnd tidlegare i månaden. Dette vart teke opp under posten «ymse».

Viltnemnda ynskjer å gjennomføre ei kartlegging av viltbestanden i fjellet. Det er observert teikn til overbeiting, mellom anna kraftig nedbeiting av blåbærlyng. Viltnemnda ber kommunen søkje støtte gjennom tilskotsordningar, som til dømes «Tilskudd til vilttiltak» frå Landbruksdirektoratet, for å finansiere kartlegginga. Det bør engasjerast fagperson(ar) med kompetanse på viltøkologi og beitebruk for å gjennomføre undersøkinga.

Det er vidare registrert ein uønskt stor bestand av kråker i kommunen. Dette har konsekvensar for både fugleliv og beitenæring:

• Kråka tek viper og andre bakkehekkande fuglar.

• Det finst observasjonar som tyder på at kråker òg kan ta lam.

Viltnemnda fremjar difor følgjande forslag:

• Innføring av skotpremie på kråke.

• Undersøkje moglegheita for bruk av kråkefeller.

• Sjå til erfaringar frå andre kommunar med tilsvarande tiltak.

• Samle biletdokumentasjon som grunnlag for tiltak.

• Stikkontrollar kan bli aktuelt for å følgje opp ei eventuell skotpremieordning