Kastesesongen er i gang

Hesteskokast-sesong er i gang på Litlabø, helsar (f.v.) Viggo Albrigtsen, Annar Westerheim, Rolf Ekre, John H. Sørheim og Gard Åge Berger.

Grusen som ein gong vart planert ut som underlag for fotball på Vaskeriplanet på Litlabø, er blitt den faste kastearena for  hestesko. Kvar onsdag klokka 18:00 inviterer Stord Hesteskoklubb til trening og tevling i den edle kunst å kasta skorne på 680 gram ti meter mot «stål-pinnen». Ein absolutt gøyal aktivitet – som ikkje set strenge krav til alder.  – Berre å møta fram, me har god plass og stiller god kunnskap til hjelp for den som vil prøva, helsar nestoren i klubben, Per Geir Vatna.

TERMINLISTA 2025 – STORD HESTESKOKLUBB

DatoKlokkeslettStadStemneKastemetode
09.0417:30Litlabø Tr. senterSesongstartDiverse opplegg
16.0418:00Litlabø Tr. senterTreningDiverse opplegg
23.0418:00Litlabø Tr. senterCupkveldGM/Cup
30.0418:00Litlabø Tr. senterCupkveldHalvmatch/Cup
07.0518:00Litlabø Tr. senterCupkveldGM/Kongelag
10.0513:00Litlabø Tr. senterStord CupGM/Cup
11.0511:00Litlabø Tr. senterSunnhordland OpenHalvmatch/Cup
14.0518:00Litlabø Tr. senterCupkveldGM/Cup
21.0518:00Litlabø Tr. senterCupkveldHalvmatch/Cup
28.0518:00Litlabø Tr. senterCupkveldGM/Kongelag
04.0618:00Litlabø Tr. senterCupkveldGM/Cup
18.0617:00Litlabø Tr. senterStordmeisterskapSingle/Par
20.06 – 22.0610:00NM-helg på SunnmøreNM-helgDiverse øvelsar
30.0718:00Litlabø Tr. senterTreningDiverse øvelsar
06.0818:00Litlabø Tr. senterCupkveldGM/Cup
13.0818:00Litlabø Tr. senterCupkveldHalvmatch/Cup
20.0818:00Litlabø Tr. senterCupkveldGM/Kongelag
27.0817:30Litlabø Tr. senterSM-XkastHeilmatch