
Felles innsats kan bidra til å halda brunsnigel – bestanda nede. Her får du tips til kva du kan gjere.
Det finnes heldigvis effektive måtar å bekjempa brunsnigelen på, og spesielt effektivt vert det når fleire går saman – for eksempel naboar i eit nabolag.
Den enkelte hageeigar er den viktigaste aktøren i sniglebekjempinga. Det er viktig å starta med ein gong sniglane byrjar å kome fram om våren, og fortsetje jamleg fram mot hausten.
Eksempler på tiltak:
- Lag barrierar: sniglegjerde, kaffegrut, flis, kalk, aske, tang og hønsegjødsel er eksempel på barrierar singelen ikkje likar.
- Vern om brunsnigelens naturlege fiendar: frosk, padder og fuglar er nokon av desse.
- Sjå etter snigleegg: sjekk all jord og planter du kjøper, og hell kokande vatn over egg som du finn.
- Sett ut «sniglefeller»: øl, snigleåte, bananskal, hunde- og kattemat. Det er viktig å tømme fellene ofte.
- Hagebed og hagearbeid: bruk grus og bark i plantefelt, slik at sniglane må bevege seg over større felt med opne område, det trivst dei dårleg med. Bearbeid bed i tørt vær slik at sniglane tørker ut i sola.
- Plukk sniglar frå tidleg vår. Det er anbefalt å klippe de i to. Dette er den mest humane måten å avlive sniglane på. Ikkje bruk salt eller salmiakk.
(Denne saka er henta i si heilskap frå Stord kommune sine heimesider etter avtale.)