Robuste venteskur

Nye venteskur ved Heiane leir. (Foto: Steinar Hystad)

På vegner av buss-ventande  på Leirvik Terminal, på kaien i Leirvik, blir det her og no sendt tips «til dei som har noko med det»,  om at det ikkje er lang veg å gå for å finna inspirasjon til monaleg betre ventefasilitetar enn glas-skura som står der i dag. Tek ein no turen til Meatjønnsvegen  og Heiane Vest, vil ein sjå tre robuste venteskur som nyleg er komne på plass. Innkvarteringsleiren i området gjev husrom til fleire tusen gjesteoperatøtar som skal buss-skyssast til og frå jobb på Kjøtteinen, då trengst det romslege venterom.