
Redningsselskapet sine tre avdelingar på Stord – RS Frivillig land, RS Ung og RS sitt sjøredningskorps – er klare for sesongen og påsken, og inviterer til «open dag» tirsdag 8. april (1800 – 2000) på basen i Thiisafabrikken, Hamnegata.
Her blir det mykje informasjon å henta, det blir høve til å sjå seg rundt om bord i redningsskøyta, det blir konkurransar og det blir høve til å kikka nærare på Eliasbåten som blir «pakka ut » for sommaren.
Vaflar og kaffi og ikkje minst, påskeggjakt, venta dei som tar turen.