Skru mot sommaren

(Ill.foto: Steinar Hystad)

Tilrådinga  frå «dei som har noko med det» er at med skal skru  urverket og tida ein time fram – mot sommaren –  klokka   02 til 03 natt til søndag.  Det kan ein sjøølvsagt like lurt gjera når ein legg seg, så slepp ein stå opp midt på natta…

Sanninga er vel den i våre dagar , med stort sett digitale  klokker, at den fysiske timeflyttinga byrjar bli eit avslutta kapittel. Klokkene ordnar seg sjølve. Det me har mista oppi det heildigitale er å ordbruk kring  nøyaktig klokkeslett.  Før visste med alle kva tida var når me kikka på uret og sa ti over fem eller kvart over fire. I den digitale tidsalder heiter det sytten-ti og seksten-femten.

Årets sommartid varer fram til natt til søndag 26. oktober. Då skal tida ein time i revers – altså mot sommaren, igjen.