Bilstuing på gamlemåten – så kom alle med

Venting i fire rader på første avgang frå Hodnanes,  onsdag føremiddag. (Foto: Steinar Hystad)

Huglarar og Tysnesingar vakna onsdag morgon til sms-melding og varsel via NRK Hordaland at  ferja i Nuen-sambandet hadde vor i ambulanseteneste seint på natta og at det vart normalt drift frå klokka 10.55. Då gjekk «Julsund» frå Huglo – med 20 bilar på dekk. Pendlarane fekk sein starta på arbeidsdagen. På Hodnanes venta bilar i fire ventefiler på dagens første overgang til Jektavik. Ekstra mannskap var med og stuva tett, slik det var normalt i tidlegare ferjetider. Alle kom med. Men det kan ikkje løynast at det var reaksjonar mellom reisande på at det ikkje er kome ei løysing på  beredskapspolitikken – slik at brukarane kan vera sikre på at ferja går etter oppsette ruter. Søknad om dispensasjon er framleis til behandling på sentralt hald – etter det Stordront.no kjenner til.