Ekstrasløyfe til treårshoppa Silja

Bilete: Her poserer Ole Litlabø med Silja, som fekk ekstrasløyfe frå domar David Kløve. (Foto: Tor Resser)

Tilbakeblikk: Det var mangslungen bruk av Borggarden (burde kanskje hatt namnet Rådhusplassen?) 40 år attende tid. Plassen var noko opnare også då, slik at det var mogleg å skipa til sjå for veloppdragne unghestar. Seks fjordingar og ein nordlandshest stilte på sjået 18. april 1986. Domar David Kløve var velnøgd med hestane som møtte.

– Mest heilt utan lyte, sa han om Ole Litlabø si treårs hoppe Silja, og gav fjordingen frå Nedre Litlabø ekstrasløyfe. Same eigar kunne også motta sløyfe for toårshoppa Belly. Vidar Ole Landa fekk sløyve for både eittårshoppa Monica og treårshoppa Linda. Kjell Kr. Dahl kunne innkassera sløyfe for nordlandshesten Elly.