Blei for trongt i «jarnskoen»

Eit par ringar er fjerna og det er blitt luftigare i stammeskoen… (Foto: Steinar Hystad)

Det var i periodar på 80-talet Leirvik sentrum vart pynta med linde-tre. Langs Kaien, (som er ei fylkeskommunale vegstripe), og langs Torgbakken og i Borggata.  Trea har i løpet av tida som har passert slått god rot, trivest og veks. Ikkje berre oppover og i greinverket, også «livvidda» har  auka og etterkvart var det slitt så trongt i den vernande  jarnskoen rundt stamma at mannskap  frå dei komunale tekniske tenester måtte henta fram kraftig verky for å  fjerna stål og by trea luftigare  veksttilhøve.  

Jodå, det er framleis liv i utsegna om at «da kjeme seg på Vikjo».

Då jarnskoen rundt lindetreet plassert i midten av sittegruppa i smauget mellom Klingsheimbygget og Sparebankbygget vart fjerna, kom det for ein dag at stolgruppa har vore/og kanskje er, ein grei plass å ta seg ein røyk. Det kvite me ser, er sneipar. (Foto: Steinar Hystad)