Tilbakeblikk 02/02/23: Ein nyfødd grønlandskval veg 1000 kilo. Godt vaksen er han blitt mange tonn og rundt 20 meter lang og han kan nå opp i 200 år. Sjødyr av denne storleiken svømte for mange tusen år sidan langs kysten vår og i farvatnet rundt Stordøy. Beviset, i form av eit langt kjeveparti/bein frå ein grønlandskval, er å finna i utstillinga på Naturhistorisk museum i Bergen.
Beinet vart funne under graving på Sæbø Gard på slutten av 1980-talet. Det låg på berget 5.5 meter under overflata godt bevart i grushaldig leire. Det må ha vore litt av eit dyr som stranda i stranda der.