Lite å handla her

Har ho tatt trilleturen frå Heiane Storsenter, tru? (Foto. Tipsar)

På ein eller annan måte, og truleg på eigne hjul,  var denne handlevogna (frå ein Ekstra-butikk?) komen på vilstrå. Ho stod «parkert» ved gangvegen tvers over for Langeland skule søndag i halv 12-tida. Det er lite å handla nett på denne staden, så beste jobben vil vogna gjera når ho igjen kjem seg i hus, meiner turgåaren som har sendt Stordront.no biletet.