Kjøtteinen: – Alle tiders timar  med Mannskor

«16 dar på plattform…» Samsong  Endre Olsen og Leirvik Mannskor  i framsyninga om «Kjøtteinen». (Foto: Steinar Hystad)

Tosidig heider frå eit topptrent Leirvik Mannskor med gjester i Kulturhuset fredagskvelden, fortener særs heiderleg omtale i retur. Tosidig heider i den tyding at koret med gode gjester og eige orkester let oss i benkeradene få to timars oppfrisking  av soga kring industri og samfunnsbygging som har skjedd på Kjøtteinen i vel 100 år. Den andre sida av heideren gjeld den kjekke  måten sogeformidlinga vart utført på, gjennom  tale og dikt, sanne skrøner og mange og gode tidsrette songar.

I eigne songarrekkjer har  Leirvik Mannskor mengder av kunnskap om Kjøtteinen.  Trivelege innslag vart det undervegs i konserten når  møteleiar og poet Arne Torget henta fram eine veteranen etter den andre med 40 til 50 års røynsle frå  verftskvardagane.. Dei fortalde levande og rørande.  På lerretet bak på scenen vart det vist  historiske  bilete frå tidbolkane frå  sildoja til nordsjøolja.

All honnør  til Leirvik Mannskor med gjester  for oppsettinga – og for låtval og framføring.  Dirigent siste 10 åra, Ailin Sanden, har verkeleg fått fram godlyd i mannsrøystene.

Det vart to fullsette storsalar, og til trøyst for dei som ikkje fekk billett  tipsar koret om  konsert i Fitjar  og på Arena, når det lid litt på.  I ventetida kan det var  lurt å følgja ekstra med  på dei musikalske gjeremåla til Endre Olsen, som snart er på marknaden med ny plate. Prøvesleppa hausta kraftapplaus på konserten fredag.