
Førti kubikk skal det vera «om bord» når spesialbilen for trømmertransport, med hengar, er normalt full-lasta. Når effektiv hogstmaskin siste vekene har teke ned om lag 3200 kubikk tømmer, godt over 6000 tre,på Huglo – krev det sin tonnasje når stokkane skal køyrast til næraste utskipingskai. Mellom 80 og 85 turar må reknast frå hogstfelt i Sørhuglomarka, skogen på Tveit og Tveiteneset, og dei tunglasta bilane må med ferja på si vidare ferd til lagring på kai på Stord eller Tysnes. Det meste av tømmeret blir sendt med båt til Tyskland.
Det er ei blanding mellom furu og mykje gran planta kring 1960 som no er mogen for hogst. Det er alt gått 10 år sidan førre storghogst på Huglo.
