Med to kraftige gravemaskinar, ei kraftig boregeit og lastebil er mannskap frå entreprenør K. Volden Transport for tida i fullt arbeid med å byggja fortau Lang E39 frå Færøysund mot Skotet. Eit framhald på gang/sykkelvegen som nyleg er bygt frå Sandvikvåg. Under fortauet skal det leggjast strekkerøyr for elkablar og det blir laga fundament for veglys
Det historisk særmerkte for parsellen som no blir utvida, er at det var nett i dette området første arbeida med det som er blitt dagens tofelts E39 tok til. Det skjedde med rein handamakt. I boka «Langenuen var hovudvegen» som kom på markanden i 2010, er storhendinga omtalt:
«Handbor, feisel, sleggje, dynamitt og balansetralla. Dette var det grove anleggsutstyret arbeidslaget Lorents Eide var i, vart utstyrt med då dei byrja byggja riksvegen vidare sørover frå Færøysund. Året var 1944 og 18 år gamle Eide var feien han hadde fått seg jobb, – og det bortimot på heimebane. Halvannan times gange frå garden på Raunholm såg han ikkje som noko heft.
Det vart nokre timar med bor og sleggje for å laga skytehol . Når steinane var lause, var det å frakta dei til tippeplass eller me brukte dei til å mura. Største steinane fekk me plassert ved hjelp av balansetralla med eitt hjul. Ein innretning som var lealaus slik at me kunne rulla steinane innpå og likeså – rulla dei av der dei passa i røysa eller muren. Tunge løft vart det naturlegvis, men samarbeidet var godt i laget.
– Me skifta på å slå og halda boret, den smule vern me hadde var i form av ullvottar på nevane. Det gjekk godt, slåaren hadde å treffa. Viktig i den typen arbeid var alltid å ha godt slipte borar for handa. «
Gjennom grenda Engevik og like til svingane i Vistvik vart riksvegen bygt for hand. Derfrå vart det borestøtte å få frå Johannes Sandvik som hadde investert i traktor med kompressor bakpå.
– Reine revolusjonen, kommenterte Eide. 1. juni 1965 var austsidevegen på Stordøy ferdig til bruk – 21 år etter første salva small ved Færøysund.