
Kommunedirektøren si innsitlling fall, samrøystes. Samarbeidspartia H, Frp, V og Krf sitt endringsframlegg vart tilrådd med 7 røyster, (H,) (V), (Krf,) (Frp) og (INP), mot 4 røyster (Ap) og (SV) som røysta for AP sitt endringsframlegg.
Innstillinga frå Utval for oppvekts og kultur lyd:
1. Kommunestyret ber kommunedirektøren gå vidare med eit forprosjekt der ein legg til grunn ei opprusting av eksisterande skuleanlegg ved Langeland skule i samsvar med forstudien. Kommunestyret legg til grunn at Langeland skule skal ha plass til inntil 420 elevar. Endeleg vedtak på byggestart føreset at Stord kommune leverer positive driftsresultat.
2. Kommunestyret ber om at forprosjektet legger opp til to opsjonar. Ein opsjon på oppgradering av administrasjon/kontor, arbeidsrom, og garderobar for tilsette. Den andre opsjonen skal omhandle baskethall i stedet for volleyballhall. Forprosjektet skal sørge for at anbodsprosessen tilretteleggjer for konstandseffektive løysingar og byggemetode.
3. Kommunestyret løyver 2 mill. kr til forprosjektet og ber kommunedirektøren leggja dette inn i revidert budsjett første tertial 2025.
4. Kommunestyret ber vidare kommunedirektøren å koma attende med revidert rettleiande forskrift for krinsgrenser mellom Leirvik og Langeland skular i samsvar med utgreiinga. Ei slik rettleiande forskrift er meint å vera gjeldande når ei opprusting av Langeland skule er ferdigstilt. Ved ei revidering av krinsgrenser skal ein redusera tal elevar på Leirvik skulen for å kunna ta vekk brakkene og frigjera meir uteareal.
5. Kommunestyret har ambisjon om å gå vidare med oppgradering av Leirvik skule når ein har bygd ny sjukeheim, ferdigstilt opprusting av Langeland skule og Stord kommune leverer positive driftsresultat.
6. Kommunestyret ser at ein ved oppgradering/opprusting av eksisterande skuleanlegg ved Langeland i samsvar med forstudien ikkje får ei god løysing for dei som i dag nyttar Rackethallen. Kommunestyret ber difor kommunedirektøren gjera ei samla vurdering av kapasitet i dei ulike hallane på Vikahaugane på dagtid og koma attende med ei sak som tar stilling til framtidig bruk og ev. oppgradering av rackethallen.