
TILBAKEBLIKK: Midt i november månad 1986, vart det reist politisk sak om kva ein kunne gjera for å minske talet på kommunale planar for Leirvik sentrum.
Frå ordførar- og rådmannshald vart det bede om ekstraløyving på 115.000 kroner til arbeid med å få ned talet på «gjeldande planar». Mange av dei greip inn i kvarandre, og somme vart til hinder og krov dispensasjonar for folk med byggjeplanar.
Bak tankane om å få fram færre og meir samlande planar for tettstaden, låg faktumet om at Leirvik skal vera regionsentrum – med dei funksjonar eit småbyar skal ha.