
Han tel sytten arbeidsglade fotball-veteranar Trott-gjengen som møtest til dugnad kvar måndag føremiddag. Dei tek så ymse slag oppdrag, siste tida er det med kvass reidskap fjerna mykje tilvekst langs løypene i Prestagardsskogen og måndag vart greiner og den slag mole til «strøssel» med kraftig riskuttar. Trott har lagt opp til mykje dugnad også i samband føreståande utskifting av kunstgrass på dei eldste banane på idrettsanlegget.
Nytt av året, er at karane kan avslutta måndagssamlinga med ein runde og to kule kulekast på «eigen» petanque-bane. Komande fredag blir det lagt opp til turnering på den nye banen, blir det meldt frå seniorhald «nordom bekkjen».