– Saghaugen kan vera eit alternativ

Stord vidaregåande skule på Saghaugen. (Foto: Steinar Hystad)

Medan kommunedirektøren, grunna stram økonomi,  rår til utsetting av vedtak i spørsmålet om  ny storskule for sentrum, eller framleis drift av Langeland og >>Leirvik, blir saka drøfta i råd og utval. Siste innspel kjem etter møtet i Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne måndag, som samla seg kring denne uttalen:

«Rådet ynskjer å peike på at det er viktig for born med funksjonsnedsetjingar å ha ein kort skuleveg og oversiktlege og trygge tilhøve kring seg. Nærskulen kan vere ein viktig stad for tilhøyrsle og tryggleik. Rådet er open for at Saghaugen kan vere eit alternativ for Leirvik skule. Det bør arbeidast mot å kome i gong med kortsiktig og naudsynt vedlikehald, og å få på plass ein plan om langsiktig oppgradering. Trygge gode relasjonar er viktig for alle elevar, men kanskje særskilt for born med funksjonsnedsetjingar, Rådet for Mennesker med nedsett funksjonsevne tykkjer ungdomsrådet uttaler seg godt og stiller seg bak deira uttale: «Ved å behalde mellomstore skular vil ein ha mindre miljø, som fører til at elevane har kortare og tryggare skuleveg, at det er lettare å ha gode klasse- og skulemiljø og at lærarane enklare kan få tilknytning og gode relasjonar til elevane» Rådet ynskjer å behalda Leirvik skule og Langeland skule som eigne skular.»