Oppdretts-milepåle for LEIRVIK AS  

Den nyutvikla oppdrettsmerden på lekteren ut Vikafle torsdag. På kaien hjå Leirvik AS står  60 meter høge bustadmodulen til Hugin A, som skal fraktast til Kjøtteinen når det nærmar seg juletider. Plattforma skal vera klar frå Aker Solutions neste sommar. (Foto: Steinar Hystad)

I nært samarbeid med SeaRas har Leirvik AS utvikla ei anlegg for oppdrett på land. Eit lukka system der 99,5 prosent av vatnet blir gjennvunne, og som tek høgde for særs god fiskevelferd, utslepp, klima og miljø. Første merden er testa ut hjå Bremnes Sesshore, med svært godt resultat. Det er snakk om oppdrett frå smolt til ein-kilos laks klar for å setjast  i sjø og vidare vekst der. Pilot-merden har etter testen på Bømlo vore til ettersyn på verftet i Aslaksvikjo.

– Og no er han selt til eit nytt oppdrettsanlegg i Farsund, der han skal setjast i drift i eit nytt bygg til føremålet. Heile anlegget vart sett på lekter og slept  sørover frå oss torsdag ettermiddag, opplyser direktør Helge Gjøsæter til Stordront.no. (Nettsidene searas.no, eller opiras.no har god informasjon om nyvinninga)