Ligg godt til rette for aktiv seniortid

Igjen – godt frammøte til Fritidstreffet for seniorar. (Foto: Steinar Hystad)

Venelaget for Gruo. Hørselshemmedes Landsforbund i Sunnhordland. Røde Kors. Internasjonal Kulturklubb. Stord – Fitjar Turlag. Stord Knivklubb.  Langslaget for lunge- og hjerte (LHL).  Temakafe Sunnhordland.  Stord Bygdekvinnelag. Eldretreff Leirvikstova. Frivilligsentralen  med datatreff og trim, Stord Sogelag. Sunnhordland Revmatikarlag. Persjonistforbundet avdeling Stord. Stord kulturhus (med føremiddagskino, føremiddagssymjing og bibliotek.)

Felles for nemnde «partar» er at  alle har aktivitetar for dei som er komne i seniorklassen og kan tenkja seg å sysla  med eitkvart  i den ekstra fritida ein har fått . Tilboda  på Stord er altså mange.  Kulturetaten og frivilligsentralen hadde til Fritidstreffet  for seniorar i Kulturhuset  torsdag  laga eit greitt og oversiktleg hefte med  informasjon om alt eldre  kan vera med på. Det er noko mest kvar  einaste vekedag.

Dette var tredje året på rad  kommunen inviterte til seniortreff med godt frammøte.  Samling i minste kinosalen først, der Astrid Larsen tok publiken med på ein rikt illustrere biltur frå nord til sør på Shetlandsøyane. Dei er det 100 av, med busetnad på 18 øyar.  23.000 shetlendarar å møta, derav 7.000 i hovudstaden Lerwick. Ein kjekk by, kor ein sommarstid nesten er sikker på å treffa på ein eller flerie stordabuar på besøk.  Flyturen vestover frå Flesland tek ein god time. Sjølv har  Astrid Larsen vore på  Shetland 35 gonger. Så er ho då også dotter av vidgjetne  krigshelten «Shetlands-Larsen».

Siste programpost for treffet, var mingling i vestibyeln  med godbaks og kaffi frå  medlemer i bygdekvinnelaget.

Astrid Larsen tok Fritidstreffet med på engasjerande biltur frå sør til nord på Shetlandsøyane. (Foto: Steinar Hystad)