
Laurdag 8. mars klokka 19 vitjar Bømlo Gospel Leirvik Bedehus samen med Per Arne Dahl. Arrangøren, Stord kyrkje, lovar korsong, allsong, intervju og tale. Det vert òg halde kollekt.
Bømlo Gospel vart starta opp hausten 2014 og har 60 gospelglade bømlingar på medlemslista. Koret har øving kvar veke i Bremnes kyrkje. Bømlo Gospel har allereie vore med på gospelkonsert med Gaither-legendene Russ Taff og Lynda Randle. I samarbeid med Bremnes Kantori framførte dei Martin Alfsen (Refleks) si LIV-messe. Dei har eigen romjulskonsert, påskemesse og gospelkveldar. Korets dirigent dei første fem åra var initiativtakar Laila Hansen Røksund. Etter eit samarbeidsprosjekt med Øystein Lund Olafsen i 2018 vart han frå 2019 ny musikalsk leiar i koret.
Føremålet til koret er å skape musikalsk glede for både medlemmer og tilhøyrarar, og koret ynskjer å formidla den kristne bodskapen gjennom song og musikk.