
Evjo, er det rette namnet på indre del av Leirvik gjestehamn. Eit korrekt namn etter tilhøva på botnen under kaiane. kor det på det evjedjupast skal vera 17 meter ned til fast grunn. I seinare tid har kaifronten framom grillhytta fått ein lett berg-og-dalbane-fasong, noko hamnestyresmaktene no vil retta opp i. Entreprenør har alt vore på staden for å sjå kva tiltak som kan setjast inn for å igjen å få vassrett trekai.
Eldste garden vikabuar vil minnast at den inste delen av indre hamn på folkemunnet hadde namnet «Steffe-evjo». Dette med bakgrunn i huset til «Steffe-Britto» som stod om lag der China-house held til i dag (Hamnegata terrasse).