
Huseigar i Stord med planar om å skaffa seg høns og kunna plukka ferske egg frå bur i eigen hage, har spurt seg føre om regelverk i slike tilfelle. Hjå nytilsette landbruksfagleg leiar, Aase Rygg Nottveit har huseigar fått desse opplysningar:
«Det er ikkje lokal forskrift i Stord om hald av høner i tettbygd strøk, det eg har funne. Rår deg til å informere naboane om hønene i førkant slik at dei vert trygge på at de har kontroll. Legg ved link til info som eg fann: ‘Regler For Høner I Boligstrøk – eRegler’. Lukke til med hønehald.»