Stor aktivitet i eldrerådet

Tove Dypå Lunde og Nils Tore Gram Økland er høvesvis leiar og nestleiar i det kommunal valte Eldrerådet. (Foto: Steinar Hystad)

Årsmeldinga eldrerådet legg fram vitna om stor aktivitet i året som gjekk. Under kan du lese heile årsmeldinga:

Eldrerådet si samansetning

Medlemmer:
Tove Dypå Lunde (leiar)
Nils Tore Gram Økland (nestleiar)
Rune Jørgensen

Varamedlemmer:
Kjellbjørg Lunde
Laila Stensletten
Gurli Tveit

Politiske medlemmer:
KST Magne Heimvik (H) 

RHO Inger Johanne Moe (Ap)
Eva Herskedal Irgens (Frp)
Tore Roth Blokhus (SV))

Sekretær: Toril Elen Rønnekleiv / Haldis Lauksund / Helena Schwartz
Møtestad: Publikumssalen

I 2024 vart det halde 9 møte, der det vart handsama og orientert om saker og planar som vedkjem eldre sine levekår. Dette var fordelt på 12 politiske saker, 34 referatsaker og
7 orienteringar.

1. POLITISKE SAKER 

Årsbudsjett 2025
Eldrerådet er fullt ut merksam på at den økonomiske situasjonen for kommunen er særs vanskeleg. Dette gir lite rom for innspel til det foreslåtte budsjettet, og lite politisk handlingsom. I ein slik situasjon krevst det streng prioritering.

Eldrerådet vil difor tilrå alle dei politiske partia å prioritera område innan drift og investering som er lovpålagte og streng naudsynte. I den samanhengen vil Eldrerådet framheva følgjande i budsjettet:

  1. Ny sjukeheim
  2. Rehabiliteringstenester som set folk i stand til å bli sjølvhjelpne og sjølvstendige
  3. Heimetenester som gjer det mogleg for folk å klara seg og føla seg trygge i eigen heim
  4. Kommunale tenester og støtte til frivillig sektor som gir heimebuande eldre eit tilbod ombåde sosiale og fysiske aktivitetar utanfor heimen

Elles har Eldrerådet stor tiltru til dei faglege vurderingane administrasjonen legg til grunn ved prioritering av knappe ressursar.

Innspel til planstrategi for Stord kommune 2024-2027
1. Eldrerådet ber om at arbeidet med planstrategien syt for at varierte og tilrettelagde bustader for eldre vert ivareteke i komande arealdel av kommuneplanen, eller bustad- sosial plan. Dette i tråd med Stortingsmelding 24 Fellesskap og meistring – Bu trygt heime.

2. Den frivillige sektoren er stor og mangfaldig, og ein viktig bidragsytar til velferd og trivsel i Stord kommune. I kommunale dokument, t.d. Plan for RHO, vert innsatsen frå frivillig sektor trekt fram som ein faktor ein reknar med på ulike område. Det manglar likevel ein overordna refleksjon omkring korleis frivillig sektor best kan utviklast og trivast, og dermed vera ein sterk aktør i samfunnsbygginga. Eldrerådet foreslår difor at det vert utvikla ein plan for frivillig sektor.

Kommunedelplan skulestruktur og skuleanlegg og innspel til skulekrinsgrenser
Eldrerådet meiner at verken skulestruktur eller krinsgrenser er hogne i stein. Ved eventuelle endringar må følgjande prinsipp leggjast til grunn:

  1. Den demografiske utviklinga i skulekrinsen den neste 10-års perioden må leggjast til grunn for endringar.
  2. Krinsgrensene og talet på skular må sikra god kapasitetsutnytting av areal og personell
  3. Trygge skulevegar og barna og personalet sitt arbeidsmiljø, må telja med når einvurderer endringar.
  4. Ingen endringar bør skje utan at dei økonomiske konsekvensane av behovet forforeståande vedlikehald og behovet for nyinvesteringar er nøye utgreidd.

Innspel til førstegongshandsaming kommunedelplan for oppvekst – Alle me(d) – heile vegen
Eldrerådet meiner at framlegget er ein særs god og omfattande plan.

Eldrerådet vil samstundes minna om at fritid er ei viktig side av livet og oppveksten til barn og unge. I denne samanhengen er til dømes fritidsklubb ikkje nemnd, og bør koma inn som eit tiltak i planen.

Framlegg til mål for Folkehelsearbeidet 2024-2028
Med den demografiske utviklinga og levealder, treng omgrepet nærståande i Arbeidsmiljø- lova § 12-10 utvidast til å gjelda t.d. barnebarn og andre.

Forprosjekt – nye institusjonsplassar
Fleirtalet i eldrerådet støttar alternativ A i kommunedirektøren si innstilling:

  1. Kommunestyret godkjenner planane i forprosjekt for 64 nye institusjonsplassar i Knutsaåsen, med vidareføring av planarbeidet , og å lysa prosjektet ut i konkurranse. Husbanken sine premiss skal følgjast for investeringstilskot.
  2. Kommunedirektøren rår kommunestyret til å løyva kr. 479 470 137 inkl. mva. i entreprisekostnad, med tillegg prosjektadministrasjon, uavhengig kontroll, gebyr, inventar, møblar til bygget, utstyr til ny leikeplass, velferdsteknologi med IT og data utstyr, byggelånskostnadar, kunst og utsmykking, tomteerverv i forhold til rekkefølgekrav veg og forventa tillegg, med ein estimert kostnad på kr. 678 945 138 inkl. mva.Kommunedirektøren rår kommunestyret til å løyva kr. 678 945 138 inkl. mva. til prosjektet, ut frå kostnadskalkyle og vedteken budsjett og økonomiplan.
  1. Utbygginga vert gjennomført som totalentreprise, med vurdering bruk av samspel, basert på skisseteikningar jf. Planarbeidet, og utarbeidd konkurransegrunnlag som består av funksjonskrav, romprogram, konkurransereglar og liknande.
  2. Tilbod i konkurransen som overskrid budsjett, skal leggjast fram og godkjennast av kommunestyret.
  3. Konkurransegrunnlaget skal leggjast fram i lukka møte for kommunestyret før utlysing.

Tiltak for å stabilisera fastlegetenesta
Eldrerådet støttar kommunedirektøreen sitt framlegg om å gjennomføra tiltak for å stabilisera fastlegetenesta i Stord kommune som foreslått i saka.

Eldrerådet oppmodar Stord kommune å ta kontakt med sentrale styresmaktr for å få auka utdanningskapasiten for legar i Noreg.

Forprosjekt – Solcelleanlegg på kommunale tak
Eldrerådet støttar kommunedirektøren si tilråding om at ein ikkje går vidare med å etablera solceller på dei kommunale bygga, men i staden kjem attende med ei sak der ein ser på alternative energiløysingar og ENØK-tiltak på dei aktuelle bygga, samanlikna med solceller.

Fysioterapitilbodet i Stord kommune
Eldrerådet har merka seg at fysioterapitilbodet i Stord kommune er lågare enn kommunar me kan samanlikna oss med. Derfor meiner eldrerådet at styrking av fysioterapitilbodet bør aukast, gjerne i form av fleire driftstilskot.

Dette bør koma inn i budsjetthandsaminga for 2025.

2. ORIENTERINGAR
Ordførar Sigbjørn Framnes og kommunalsjef Anne Karin Fossdal orienterte og svara på spørsmål:

1) Status ny sjukeheim og produksjonskjøken
2) Status ventelister sjukeheimsplass
3) Forslag frå eldrerådet om årleg helsedag for 75-åringar i Kulturhuset,
4) Korleis kan eldrerådet fremja saker ein vil ta opp med ordførar, RHO og KST

Einingsleiar Gina Kittilsen orienterte om status drift av heimebaserte tenester

Prosjektleiar Frode Hatlevik orienterte om ny sjukeheim og vegen i Knutsaåsen o Einingsleiar Britt Nelly Hystad Barane orienterte om status Stord sjukeheim

Kommunalsjef Anne Karin Fossdal og einingsleiar Nina Steinsbø Walquist orienterte om korleis pårørande kan medverka, bli involvert og få støtte i si omsorgsrolle

Einingsleiar Kristin Steinsland orienterte om erfaringane som pilot i Tørn-prosjektet, som ser på korleis ein best mogleg kan sikra rett kompetanse på rett plass til rett tid

3. OVERSENDING til administrasjonen og ordførar

Sparetiltak i Stord kommune
Eldrerådet er sterkt uroa over dei kuttframlegga som administrasjonen har kome med og som gjeld eldreomsorga. Spesielt reduksjon av 5 sjukeheimsplassar på Stord sjukeheim, skjera bort aktivitørstillinga på Stord sjukeheim og ta bort Ung i helse prosjektet. Dette vil auka presset på heimebaserte tenester i sterk grad. Det går også ut over rekrutteringsarbeidet ved Stord sjukeheim.

Handlingsplan for eldrerådet
Eldrerådet arbeider med innhald i handlingsplan for rådet. Som ein del av innhaldet ønskjer eldrerådet å ta utgongspunkt i Pensjonistforbundet sin brosjyre «Eldreomsorgen i Norge» der det er nokre spørsmål til ei kartlegging av eldreomsorga i kommunen.

Tema på møta hausten 2024:

–  Pårørande sin situasjon, kva trengst
–  Grunnbemanning i pleie og omsorg – Demografien

Planlegging eldredagen 2024
Eldredagen er 5. oktober 2024.

Eldrerådet ønskjer å dela ut seniorprisen på eldredagen, sjølv om det no er utval for oppvekst og kultur som skal vedta kven som skal få prisen.

Evaluering eldredagen 2024
Eldrerådet arrangerer årleg ein eldredag i Stord kulturhus, med stort oppmøte og gode foredrag, samt utdeling av seniorprisen. Kostnad til gjennomføringa aukar, grunna leige av sal m.m. og det ligg ikkje inne nok midlar i eldrerådet sitt budsjett til arrangering av eldredagen. Kostnad for eldredagen i 2024 var til saman kr. 22.000 fordelt slik:

  • Kr. 3.000 – leige av Kulturhuset
  • Kr. 11.000 – kulturinnslag
  • Kr. 2.000 – blomar til foredragshaldar og prisvinnar o Kr. 3.000 – annonsering
  • Kr. 3.000 – Røde Kors – bevertning

Eldredagen har lang tradisjon og er eit sosialt arrangement for eldre innbyggjarar i Stord kommune. Det er lagt inn til saman kr. 12.000 i Eldrerådet sitt budsjett til gjennomføring av Eldredagen. Kostnaden har auka dei siste åra, og Eldrerådet ber om ei tilføring av kr. 10.000 slik at Eldredagen kan gjennomførast som eit sosialt og kulturelt arrangement også framover.

Årleg eldrerådssamling i Sunnhordland
Stord skal vera vertskap for den årlege eldrerådssamlinga i Sunnhordland i 2025. Vertskapsrolla går på omgong mellom kommunane i Sunnhordland og i 2025 er det Stord Eldreråd som skal vera vertskap.

Dette medfører ein eingongskostnad på kr. 25.000 til lunsj og middag for 50 personar.Dersom Eldrerådet ikkje får støtte, kan ikkje Stord kommune ivareta sitt regionale ansvar inn mot dette samarbeidsforumet.

4. INITIATIV FRÅ ELDRERÅDET

Høyrselsspesialist
Eldrerådet ønskjer å støtta uttale frå HLF Sunnhordland og sender følgjande uttale til Helse Vest med kopi til Eldrerådet i Vestland:

Eldrerådet i Stord kommune vedtok i møte 11.11.2024 å støtta uttalen frå HLF Sunnhord- land.

Eldrerådet går som HLF Sunnhordland sterkt imot at avtale med ein avtalespesialist i øyre- nase-hals (ØNH) vert trekt inn av Helse Vest. Det er viktig at stillinga vert ståande og styrkt med ein audiograf. Det er det beste for innbyggjarane i Sunnhordland.

UTGREIING:
Helse Vest ønskjer ikkje å vidareføra avtale med ein avtalespesialist i ØNH på Stord når noverande spesialist går av med pensjon. Helse Fonna ønskjer å bruka denne heimelen på Stord sjukehus for å auka tilbodet på Stord og i Haugesund med poliklinikk og endå fleire operasjonar.

Men innbyggjarane i Sunnhordland har behov for at heimelen bør vera som no, og evt. utvidast med ein audiograf. Grunnen til dette er at ventelistene for å få høyreapparat i dag er lang – i Haugesund er ventetid i dag 12 månadar. Det er sett opp ein standard om at det skal vera 25.000 innbyggjarar pr. audiograf. I Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Tysnes og Stord er det ca. 60.000 innbyggjarar. Stord har i dag ein ØNH-spesialist + ein audiograf. Det er for lite.

Får me styrka denne tenesta, kan det føra til at ventelistene på høyreapparat på Haugesund sjukehus vert kortare.

5. TILSKIPINGAR
Eldredagen 05.10.2024

FN sin internasjonale eldredag vart oppretta i 1990. I 2024 er tema «Styrking av eldreomsorga». I tillegg har FN erklært 2021-2030 for tiåret for sunn alderdom. Eldrerådet hadde ansvar for den årlege eldredagen i Stord Kulturhus. Tilskipinga vart gjennomført i samarbeid med Røde Kors Omsorg, Stordkoret og Stordingane.

Foredragshaldar var prost Svein Arne Theodorsen med tema «Generasjonsovergangar». Seniorprisen gjekk til Tove Dypå Lunde. Publikumstalet omtrent som året før dvs. ca. 230.

6. PROSJEKTDELTAKING

  • Forstudie/forprosjekt ny sjukeheim – Tove Dypå Lunde
  • Arbeidsgruppa for eit Demensvenleg samfunn – Nils Tore Gram Økland
  • Innbyggjarpanelet for Kommuneplanen – Tove Dypå Lunde
  • Ansvarsgruppa for den kulturelle spaserstokken – Rune Jørgensen
  • Trivsels- og samarbeidsforum ved Knutsaåsen omsorgssenter – Tove Dypå Lunde * Brukarråd ved eining for aktivitet og re/habilitering – Rune Jørgensen
  • Arbeidsgruppa for byromsstrategi – Nils Tore Gram Økland
  • Prosjekt Styrking av digital helsekompetanse for seniorar – Nils Tore Gram Økland * Prosjekt kartlegging transportbehov

7. ANDRE REPRESENTASJONAR

  • Eldrerådssamlinga for Sunnhordland var i Sveio 20.06.24 og deltakar var Inger Johanne Moe
  • Nils Tore Gram Økland, Rune Jørgensen og Tove Dypå Lunde deltok på eldretreff på Huglo 04.12.24.

Stord, 15. februar 2025
Tove Dypå Lunde leiar