Tilbakeblikk 31/03/2023: Sagvåg Bygdalag tek i innspel til arealdelen av kommuneplanarbeid til orde for å byggja ny veg som kan leia dagens gjennomgangstrafikk utanom Sagvåg sentrum.
Bygdalaget legg i forslaget starten til kryss ut frå E39 ved botnen av Valvatnavåg og mot Sætravik-krysset, der det blir stor rundkøyring. Vidare gjennom Almås-skogen, over Knurrøya til ny rundkøyring ved Samfunnshuset og vidare til ny rundkøyring på Vaskeriplanet . Så beine vegen nord-vestover til Rutle og påkopling til dagens RV 545 mot Fitjar.
– Spart køyretid frå Rutle til Valvatnavågen vert om lag åtte minutt om ein skal sørover på E39, spart veglengde er om lag 6 kilometer. Eit anna pluss med denne vegløysinga, er at 85% av anleggsarbeidet vil gå føre seg vekke frå eksisterande busetnad og andre vegar. Slik kan entreprenøren få jobben gjort på ein trygg måte, utan heile tida å bli hemma av trafikken i arbeidet.
På forslaget til denne nyevegen er det skissa inn sju kryss/avkøyringar på heile strekket. Til samanlikning er det på dagens Sagvågsveg på strekket Rutle- Heiane, 79 kryss og avkøyringar.
Bygdalaget tipsar om kva dei har fått til av nye vegar på Bømlo med innhenta midlar frå Bømlapakken. Så kva med å igjen aktualisera Stordpakken for å byggja ein framtidsretta veg?.