
Tysnesfest gler seg stort til å ønska Storm Weather Shanty Choir velkommen til Tysnesfest 2025! Med sine rå sjømannssongar, enorme energi og smittande speleglede, har dette ikoniske shantikoret frå Stord vunne hjarta til publikum verda over. No legg dei igjen til kai på Tysnes – og me kan love ein festkveld med allsang, gåsehud og musikalsk magi!
– Me veit at Tysnesfest-publikummet elskar desse karane, og det gjer me òg! Dei skapar ei stemning som får sjølv den mest sjøsjuke til å reise seg og synge med, seier festivalsjef Øystein Vaage.
Frå Stord til verda – og tilbake til Tysnes
Storm Weather Shanty Choir har vore ei leiande kraft innan shantymusikken sidan starten i 2000. Med turnéar i alt frå USA og Japan til festivalar over heile Europa, har dei bevist at sjømannssongar ikkje berre høyrer fortida til – dei lever i beste velgåande, med ei kraft som minnar om bølgene på det ope hav!
Når Haakon Vatle og mannskapet hans no vender tilbake til Tysnesfest, er det ikkje berre ein ny konsert – det er eit gjensyn med vener. Sist dei spelte her, skapte dei stormande jubel, og det er ingen tvil om at publikum er klare for ein ny runde med kraftfulle shantyar og ekte havsalt i håret.
– Det er alltid ekstra stas når me kan få kortreiste artistar med internasjonalt snitt. Haakon og gjengen har teke shantymusikken frå Stord ut i verda – og no kjem dei tilbake til oss. Me gler oss til ein kveld med storm i segla og rungande allsang, seier Vaage som lovar fleire artistslepp i vekene framover. Hittil er følgande artistar lansert til Tysnesfest 2025:
Torsdag: Stavangerkameratene, Vassendgutane
Fredag: TBA
Laurdag: Tom Jones, Storm Weather Shanty Choir, Tobias Sten