Nedgang i arbeidsløysa i Sunnhordland

I februar registrerte Nav 1,1 prosent heilt arbeidsledige personar i Sunnhordland, noko som er ein nedgang på 12 personar samanlikna med førre månad. I februar 2024 var talet på heilt ledige 385 personar, medan talet for februar i år er 355.

På landsbasis ser ein at talet på heilt ledige har auka frå 2,1 prosent i førre månad til 2,2 prosent denne månaden, noko som er den høgaste arbeidsløysa me har sett her til lands sidan februar 2022.

– Det er gledeleg å sjå at arbeidsledigheita held seg stabilt låg både i Sunnhordland, Vestland og i landet for øvrig. På landsbasis er trenden, om ein ser tre år tilbake i tid, at den har auka noko i løpet av desse åra, medan snittet for Sunnhordland ligg stabilt rundt 1%, seier leiar i Nav region Sunnhordland, Håvard Lægreid.

Kommunane med den høgaste arbeidsløysa her i regionen i februar månad er Tysnes og Bømlo, begge med 1,5% heilt arbeidsledige personar. Deretter kjem Kvinnherad (1,4%), Etne (1,3%), Sveio (1%), Fitjar (0,9%) og Stord (0,8%).

Bedriftsundersøkinga våren 2025
Nav held for tida på med si årlege bedriftsundersøking, som er den største av sitt slag i Noreg. Totalt 42 bedrifter i Sunnhordland er blitt plukka ut til å vera med, og undersøkinga skal mellom anna kartlegge sysselsettingsutsiktene til bedriftene, samt om dei har hatt utfordringar med å rekruttere ønska kompetanse.

– Bedriftsundersøkinga er viktig for oss når me skal levere gode tenester til- og for arbeidsgivarane og arbeidssøkarane i regionen. Me vil også her få god informasjon om eventuelle kvalifiseringsbehov og moglegheiter for samarbeid med enkelte bedrifter og næringar, seier Lægreid.

Fristen for å svare på bedriftsundersøkinga er sett til 14. mars. I 2024 hadde Sunnhordland ein svarprosent på 73. Resultata frå årets undersøking vil etter planen bli presentert 8. mai.

– Resultata frå bedriftsundersøkinga er heilt essensielle i arbeidet rundt korleis me skal tilnærma oss arbeidsgivarane her i Sunnhordland på best mogleg måte, og det er difor svært viktig for oss at så mange bedrifter som mogleg svarar innan fristen, seier Lægreid.