Positiv melding frå «reahab’en»

Det blir meldt om god drift og nøgde brukarar av dagrehabiliteringa  på «rehab’en». (Foto: Steinar Hystad)

Trivsel på jobb, lågt sjukefråver, gode resultat av arbeidet og nøgde brukarar. Det er mange positive element som blir trekte fram i rapporten det politisk valte Velferdsutvalet for Rehabilitering, helse og omsorg har skrive etter besøk til Rehabiliteringssenteret i Myro. Senteret  er arbeids plass for 25 og det vert drive mangslunge  trening og habilitering av pasientar på dagtid.  

Varmtvassbassenget er ein viktig ressurs og ei inntektsbringande aktivitet for eininga. Leigeinntektene kjem mellom anna frå terapibading tre gonger i veka på dagtid, samt frå lag og organisasjonar som nyttar bassenget på kveldstid, til dømes revmatikargrupper, bedrifter, storfamiliar og nabolag. Det er framleis ledig kapasitet for meir utleige, noko som kan bidra til både auka inntekter og meir bruk av anlegget.

Avslutingsvis skriv Velferdsutvalet:

«Noko som har vore ein stor suksess, er treningsgrupper som er «ferdigbehandla». Og blitt sendt vidare til kommersielle treningssenter. For å lette overgangen og redusere frykt knytt til å trene på eit nytt sted, har fysioterapeutar følgt brukarane til senteret. Dette har skapt tryggleik og auka deltaking.

Når det gjeld pasientreiser, oppstod det utfordringa etter ei lovendring i august 2024. Frå 2. januar 2025 må dei som deltar i dagrehabilitering, dekke reisekostnadane sine sjølve. Brukarane må sjølve organisere transporten til trening, noko som inneber at dei enten må køyre sjølve, få hjelp av pårørande eller nettverket sitt til å køyre, eller betale for taxi. Dette medfører at berre dei med eit godt støtteapparat eller god økonomi har moglegheit til å kome seg til oss. Dei færraste køyrer sjølve. Dette kan få alvorlege konsekvensar for dei svakaste brukarane, som manglar pårørande eller andre som kan hjelpe, og som dermed risikerer å ikkje klare å delta på trening. Fram til no har situasjonen blitt handtert ved hjelp av fleksible tilsette og støttande pårørande. Pasientreiser meiner at kommunen skal dekke kostnadane, og ein arbeider no med å klage på vedtaket. Sidan me ikkje tilbyr døgnrehabilitering, er det heilt avgjerande at pasientane har moglegheit til å kome seg til dagbehandling.

Eininga har også fått midlar på 300 000 kroner frå SIM sitt miljøfond til å etablere eit utandørs treningsanlegg. Dette skal snart settast opp utanfor rehabiliteringsbygget og vil bli tilgjengeleg for brukarar på dagtid. På ettermiddagstid vil det vere ope for allmenta. Dette vil vere eit positivt tilskot både for pasientar og lokalsamfunnet.»