Inviterer til triveleg stund på Kafe Treffpunkt

Frå forrige Kafe Treffpunkt i Hauglandsstova. (Foto: Steinar Hystad)

– Me ynskjer gjerne at heimebuande demente tek turen innom kafeen vår, seier Torill Kaldefoss. Ho er leiar i Stord/Fitjar demensforening som tre gonger denne våren steller i stand treffpunkt i Hauglandsstova på Stord sjukeheimen. Dei har valt seg siste torsdag i månaden som høvande dag.  Første treffet vart arrangert med godt besøk 30. januar, så vert det Kafé Treffpunkt igjen 27. februar og 27. mars. (Start kl. 17.00)

Arrangementet er gratis, det same er gode kaker og kaffi som bli servert. På underhaldningsprogrammet står song og musikk frå trioen Harry Størksen, Knut Vika og Hans Gustas Mussland. Dei «kompar» også til allsongen. Hyggjestunda pleier rundast med ein spennande runde åresal.

– Ta med ven/veninne/familiemedlem/støttekontakt og kom, oppmodar den lokale og aktive demensforeningen.