Ådnanes om Jakob Sande, banning og bøn

Tysdag 18. februar klokka 11.00 får Senioruniversitetet besøk av Reidar Ådnanes med programmet «Jakob Sande – banning og bøn, naud og nåde.»

Ådnanes har vore prest i Sunnhordland, mest i Stord, men og ein del år som sjømannsprest i Spania. Han har hatt liknande framføringar i foreiningar, kyrkjer og bedehus rundt om i Sunnhordland, og no vil han dela dette med oss.

Mange av Jakob Sande sine dikt og viser er godt kjende, ikkje minst frå Ønskekonserten som mange i vår aldersgruppe hadde eit nært forhold til. Mest alle stader her på Vestlandet er det nokon som kan ein bråte av dikta hans utanåt.

På samlinga vil Reidar Ådnanes lyfta fram ein del av dei meir ukjende dikta til Sande. Som tittelen seier, handlar det om kontrastar, om naud, både eiga naud og andre si, om medkjensle og protest, om galgenhumor og depressive tankar, om salmar og bøner. Ja, og så om det store ordet NÅDE.

Velkommen til Bømlo kulturhus på tysdag til dette møtet med den folkekjære diktaren frå Fjaler i Sunnfjord.