Ei hjartans takk til SIM

Eit nytt lass til sortering på miljøsentralen. (Foto: Steinar Hystad)

I sånn cirka ti eller tjue år har ein lurt på om det var noko ein kunne bruka deler av den gamle jarnpeisen til. Eller om det fanst nytt bruksområde for tidlegare fjonge skumgummimadrasser. I same tidsrom vart det teke vare på ein masse impregnerte fjølabetar opp mot meteren i lengde. Eit moderne spisebord anno 1968 vart ein gong sett til sides, i lag med eit par rusta bøtter, nokre store esker  –  som alt kunne koma vel med. Det same med gamle fryseboksen, som fjuska litt, men kanskje kunne reparerast. Samla, vart alt dette «lagra» akkurat nok tull til å fylla to hengarar med. For samla avgift på rimelege to hundre kroner, er heile sulamitten av  «kanskje noko å få bruk for», levert og korrekt sortert i der til eigna og godt merka containerar på miljøsentralen på Heiane Nord. Så enkelt.

Difor ei hjartans takk til SIM.

Og ikkje minst ei takk til staben som tek imot og rettleiar. Ein er både letta og i godt humør etter eit besøk på SIM-sentralen.

Klar til å ta imot bos: I år starta «vår-sesongen» då snøen forsvann midt i januar. (Foto: Steinar Hystad)