Ligg ann til gledesvedtak for Trott, Solid og Stord IL

Banane i Prestegardsskogen treng sårt skifte av kunstgrasdekke og kommunnen løyver midlar til delar av kostnadene. (Arkivfoto: Steinar Hystad)

Banar, klubbhus og garderobar treng kommunale tilskot for å koma i mål med økonomien, og  det ser det ut for at dei vil få. Men ikkje utan ein god dose eigeninnsats i form av både kroner og dugnad. Etter drøfting av saka i Utval for oppvekst og utdanning tysdag, vart denne innstillinga, forma av Venstre, Frp og Høgre,  sendt vidare til endeleg godkjenning i Stord kommunestyre:

1. Kommunestyret vedtek å innvilga søknaden frå IL Solid med eit tilskot på 1,188 mill.kr. til oppgradering av garderobeanlegg. Kommunestyret opnar for at Solid kan få mellomfinansiering for spelemidlar og mva kompensasjon i frå fond for lag og organisasjonar.

2. Kommunestyret vedtek å dekka deler av kostnadane til rehabilitering av kunstgrasbane i Prestegardskogen med 2,5 mill. kr. Kommunestyret opnar for at Trott IL kan få mellomfinansiering i frå fond for lag og organisasjonar. Ein føresetnad for løyvinga er at Trott IL står for 0,9 mil av finansieringa gjennom dugnad og eigenkapital. Kommunestyret set som føresetnad for tildelinga at ein vel anna enn gummi-basert granulat samt at det blir gjennomført forskriftsmessig opprydding etter granulatforureining rundt anlegga.

3. Kommunestyret vedtek å dekka Stord Fotball sine kostnader til garderobeanlegg med inntil 1,7 mill. kr. Dette skal innfri lånet dei har i Sparebanken Vest. Overskytande skal betalast til Stord Fotball sin konto. Kommunestyret ber kommunedirektøren om å fortsette med dagens leigeavtale med Stord Fotball, der Stord fotball er ansvarleg for kostnader for drift og vedlikehald.

4. Kommunestyrer ber kommunedirektøren om å prioritere rehabilitering av kunstgrasbana på Vikahaugane i budsjettet for 2026. Stord kommune skal stå for omtrent 1/3 av investeringskostnadene. Ein føresetnad for løyvinga er at Stord fotball også er med på finansieringa gjennom dugnad og eigenkapital. Kommunestyret opnar for at Stord fotball kan få mellomfinansiering for spelemidlar og mva kompensasjon i frå fond for lag og organisasjonar. Kommunestyret set som føresetnad for tildelinga at ein vel anna enn gummi-basert granulat samt at det blir gjennomført forskriftsmessig opprydding etter granulat-forureining rundt anlegga.

5. Kommunestyret ber kommunedirektøren starte opp eit forprosjekt saman med Stord IL og Stord fotball angåande naturgrasbana og det regionale friidrettsanlegget på Vikahaugane. Forprosjektet får ein kostnadsramme på Kr 300.000,- Finansieringa skal lånefinansierast frå prosjekt «Felleskonto idrettsanlegg».

6. Kommunestyret ber kommunedirektøren om å straks søke midlar i Handelens miljøfond for å finansiera barrierar rundt dei viktigaste kunstgrasbanane på Stord.